

Vel du oss som webleverandør, skreddarsyr vi ei løysing tilpassa dei krav du måtte ha og det budsjettet du ynskjer. Ei komplett løysing kan vere alt frå eit enkelt design til ei stor løysing med design, utvikling, strategi, analysar og kursing og drifting i etterkant.
Vi planlegg og utviklar design frå skisser til ferdige grensesnitt og fullverdige interaktive prototypar, og jobbar mot ein enkel og inntrykksskapande brukaropplevelse. Vi gjer alt i designprosessen frå wireframing og skissering til koding og implementering, og lagar fleksible design med fokus på detaljar i rammeverk, typografi, farge og interaktivitet.
Måling av brukarane sine handlingar er svært presist på web. Ved hjelp av dei innovative verktøya vi har tilgjengeleg, kan vi sette fokus på behov under utvikling, og måle effekt og forbetre løysingar i etterkant av lanseringar og under kampanjar.
Vi meiner at kompetansen vår visast klart igjen i dei jobbane vi har gjort. Vi tenker nytt og er kreative, men bak alle kreative tankar ligg og ein strategi med analytisk grunnlag. vi er opptatt av å ikkje levere tilfeldigheiter, men løysingar som gjev resultat for deg og satsinga di.
Å lage ein nettstad og publisere den på nettet er ikkje lenger nok for å nå fram til dei du ynskjer. Bak ei satsing på nett bør det ligge ein strategi som omfattar synlegheit i søkemotorar, annonsering og interaksjon med besøkande. Uansett kven målgruppa di er og kvar dei er, så hjelper vi deg å finne dei for å gje løysinga di resultat for deg.
Nettet er ein stad med stor utvikling. Heile tida kjem det nye medium som kan utnyttast, og nye teknologiar som gjev nye moglegheiter. Vi veit kva som er nytt, kva som er på veg ut og kva løysingar som er best for deg.
Når vi gjennomfører eit prosjekt for ein kunde, føl vi ein modell utvikla for å skape god framdrift og utvikle gode
idear med grunnlag og mål.
Vi er alltid interessert i å kome i kontakt med nye spanande folk. Kontakt oss gjerne for eit tilbod på ditt prosjekt eller ein uformell prat over ein kopp kaffi eller te.
Sjekk minibloggen vår der du finn ting og tang frå vår kvardag. Føl oss og på facebook for giveaways og dei siste oppdateringane.