

vi utfører brukartesting ved hjelp av informelle intervju for å sette fokus på nødvendige funksjonar og typiske handlingar. vi lagar personligheitar og brukarscenario og jobbar med deg for å legge fram ei informerande funksjonsliste og designavgjerdsler. vi utfører brukartestar gjennom heile designprosessen. Måten vi brukartestar på har lave kostnadar men er svært effektiv for å observere problem og avdekke behov tidleg for å luke vekk unyttig bruk av midlar på funksjonar som ikkje er nyttige eller nødvendige.
Lanseringa av ei ny eller re-designa nettside er starten av historia, ikkje slutten. vi tilbyr oppfølgande brukarstøtte, analyse og strategisk rådgivning mot å forbetre sida og legge til ny funksjonalitet på grunnlag av verkeleg bruk.
Det er viktig for deg å kjenne marknaden og konkurrentane dine. Molecule analyserer dine konkurrentar sine vellykka og mindre vellykka marknadsaktivitetar på nettet. Dette gjeld alt frå kvalitet på marknadsføring, interaksjon med kundane sine, bruk av teknologi og posisjonen dei har.
vi har som lidenskap å lage brukargrensesnitt som er enkle å bruke og som ser bra ut. vi fokuserar på enkelheit, effektivitet, arbeidsflyt, visuell nytelse og gjenkjenning, og vi brukar kunnskapen vi sit inne med i kvar del av prosessen frå tidleg prototype, utgreiing og designkonsept til betatesting og ferdigstilling. Målet vårt er, og har alltid vore å designe sider og applikasjonar som brukarane elskar.
Når vi gjennomfører eit prosjekt for ein kunde, føl vi ein modell utvikla for å skape god framdrift og utvikle gode
idear med grunnlag og mål.
Vi er alltid interessert i å kome i kontakt med nye spanande folk. Kontakt oss gjerne for eit tilbod på ditt prosjekt eller ein uformell prat over ein kopp kaffi eller te.
Sjekk minibloggen vår der du finn ting og tang frå vår kvardag. Føl oss og på facebook for giveaways og dei siste oppdateringane.