

Informasjonsdesign er nøkkelen til ein effektiv og brukarvennleg struktur på nettstaden din. Vi hentar fram våre verktøy med innovative teknikkar for å gjere di nettside enkel å navigere på og slik at informasjonen blir enkel å finne og mest mogleg relevant.
Nøkkelen til godt design er optimalisering av brukaren sin interaksjon og aktivitet. Vi planlegg og utviklar design frå wireframes og skisser til ferdige grensesnitt og fullverdige interaktive prototypar, og jobbar mot ein enkel og inntrykksskapande brukaropplevelse.
Vi har som lidenskap å lage brukargrensesnitt som er enkle å bruke og som ser bra ut. vi fokuserar på enkelheit, effektivitet, arbeidsflyt, visuell nytelse og gjenkjenning, og vi brukar kunnskapen vi sit inne med i kvar del av prosessen frå tidleg prototype, utgreiing og designkonsept til betatesting og ferdigstilling.
Ofte er ein nøgd med strukturen og interaksjonen på nettstaden sin, men teknologi og design er nokre år bak i tid. Vi tek tak i din eksisterande site, moderniserer den, integrerer sosiale medier og introduserer deg for ny teknologi. Sida di vil få eit løft og meir synleg, og kundane dine vil framleis kjenne deg igjen.
Når vi gjennomfører eit prosjekt for ein kunde, føl vi ein modell utvikla for å skape god framdrift og utvikle gode
idear med grunnlag og mål.
Vi er alltid interessert i å kome i kontakt med nye spanande folk. Kontakt oss gjerne for eit tilbod på ditt prosjekt eller ein uformell prat over ein kopp kaffi eller te.
Sjekk minibloggen vÄr der du finn ting og tang frÄ vÄr kvardag. FÞl oss og pÄ facebook for giveaways og dei siste oppdateringane.